19. april 2018

Lærer

Hei, me har ein lærer som ikkje lærer oss ein dritt. Eg har snakka med rektor og inspektør, men det skjer ingen ting. Kva kan eg gjøre?

Tema: Skole

Hei,

Det var dumt at de ikkje lærer. Har de forsøkt å ta dette opp med læraren direkte? De har moglegheit til å seie frå i utviklingssamtalane og. Dersom de ikkje kjem nokon veg med dette, er det vårt føreslag at de får hjelp av foreldra dykkar til å skrive til rektor og klage på læraren. De kan vise til at dårleg læring går ut over dykkar trivsel på skulen. De har rett til eit godt skulemiljø som fremjar læring. Det står i opplæringslova kapittel 9A. Når de klager på skulemiljøet, skal rektor setje i gong tiltak for å betre situasjonen. Om rektor ikkje gjer noko, kan de klage vidare til fylkesmannen.

Her kan de lese meir om skulemiljø.

Helsing frå oss hos Barneombodet

Spørsmålsarkiv