17. januar 2019

Kollektiv straff

Hei, eg går på ein ungdoms skule i 10.trinn. Eg og vennegjengen satt i kantina. Eit par av vennene mine var litt urolige, men ikkje så mykje at noke blei gjort med det. Litt seinare så søler den eine vennen litt vatn med vilje. Da kommer ein lærar å begynner å ta bilde av bordet med oss i bildet. Først nekter eg på å bli tatt bilde av, men når ho seier at ho har lov til å ta bilde av bordet, for det skal bare bli brukt til å ha på telfonen, og ikkje visast til nokon, så kan me ikkje gjer noke med det. Dei som sølte vatn tek ansvar og hentar klutar, og byrjar å tørke opp. I det da dei held på å tørke opp så kommer rektor å begynne å klaga på alle oss på bordet, sjølv om det var bare to stykke som har skyld. Dei to som gjor det sa at dei ikkje var interesserte i å bli snakka til igjen, grunna til at fleire lærare hadde allerede kjefta på dei. Rektor blir irritert og seier at dette kan påvirke ordenskarakteren vår. Me andre var foreløpig ikkje blanda inn, men så blir me kalla inn på møte av rektor. Og sjølv om me prøver å seie at me ikkje har gjort noke, så let han oss ikkje snakka. Me fekk merknad på orden og oppførsel. Eg føler meg angrepe av lærarane. Er ikkje dette kollektiv straff da me andre blir påvirka av andre sin oppførsel bare for me va i nærheten

Tema: Skole

Hei, og takk for at du skriv til oss!

Ingen skal bli straffa for noke dei ikkje har gjort. Om orsaka til at du har fått merknad på orden og oppførsel er episoden med vatn aleine så høyres det ut som rektor har gjort noke som ikkje er greit. Då høyres det ut som det er gitt ein kollektiv straff, som ikkje er lov. Men  me har for få detaljar til å kunne vurdera dette ordentleg.

Har du fått ein merknad som du er usamd i, er det viktig at du snakkar med den som ga merknaden om det.  Du kan be om eit nytt møte med rektor  saman med  foreldra dine for å diskutera saka  for å sjå om dét kan hjelpe.

Les meir om merknadar på skulen her.

Hilsen oss hos Barneombodet

Spørsmålsarkiv