20. november 2017

Kan man stenge folk inne?

Fosterforeldrene til en venn av meg sier at han ikkje får besøke nokon eller få besøk denne helga. Med andre ord dei vil halde han unna samfunnet. Han blir og tvingt til å gjere husarbeid og gå tur med hunden. Er det lov å halde nokon inne mot deres vilje som dette?

Hei, og takk for at du skriv til oss!

Det er vanskeleg for oss å svara ja eller nei på det du spør om her sidan vi ikkje veit kvifor fosterforeldra har sett dei reglane som dei har gjort.

Dette kan likna på husarrest, og dét finst det mange ulike former for. Vi meiner at husarrest der barn vert sperra inne i huset over ein lengre periode ikkje er greitt, men det må være greit å seia at ein må halde seg heime nokre kveldar til dømes dersom ein ikkje har kome heim til avtalt tid fleire kveldar.

Det kan jo også vere at familien har andre planar som gjer at det ikkje passar å ha besøk eller dra på besøk.

Les meir om dette på sia vår om god omsorg i familien.

Hilsen oss hos Barneombodet.

 

Spørsmålsarkiv