6. april 2018

Gym

Hei, eg har nokre problemer med gym. Nå har eg fått så mange oppmerkinger nå at visit eg får en til så ryker orden og atferd karakter ned.
Kvifor eg har skulket gymen?
Eg har skulket gymmen fordi eg ikkje er fornøyd med meg sjølv og eg føler at dei andre ser på meg som eit minus å ha på laget.
Eg har ikkje lyst å miste orden og atferd karakteren min. Men de begynner å bli so ubehagelig i gymmen at eg klarer det nesten ikkje lenger.

Tema: Skole

Hei,

Fint at du tek kontakt med oss der du fortel at du ikkje har det greitt i gymtimane på skulen.

Vi synes du skal snakke med ein lærar om hvordan du har det. Synes du det er vanskeleg, så kan du be om hjelp fra helsesyster på skulen eller foreldra dine. Når skulen veit kva som ligg bak fråver, så kan dei hjelpe deg. Det er viktig at du tek dette opp med skulen så snart som mogleg, slik at du ikkje risikerer å få nedsett orden- og åtferdskarakter.

Alle elevar på skulen har rett til eit trygt og god skulemiljø. Det betyr at du har rett til å bli beskytta mot alle former for krenkingar. Opplever du at gymtimane gjer at du ikkje blir inkludert, så må læraren gjere noko med det.

Skulen kan kreve at du skal delta i gymtimane. Men dei skal og tilrettelegge for deg slik at det er mogleg å delta i timen. Ein lærar skal følge med på korleis det går med deg og gi deg råd, slik at du kan delta i timane på ein måte som er bra for deg.

Vi legg ved tre lenker som vi tror kan være til hjelp:

Den eine handlar om vurdering og karakterar

Den andre om orden og åtferd 

Den tredje om hva rektor og skulen må gjere viss ein elev ikkje har det bra på skulen: mobbing på skolen

Lykke til!

Helsing frå oss i Barneombodet

 

 

Spørsmålsarkiv