19. oktober 2018

Forfulgt

Hei! Meg og noken kompiser har ein lærar/assistent som driver og følger etter oss heile tiden uten grunn. Og dette er veldig ubehagelig synes me. Nesten heile klassen misliker ho. Me lurer på om dette er i mot nåken låver og regler, og ka me eventuelt kan gjøre med det?

Tema: Skole

Hei!

Vi veit ikkje kva som er grunnen til at læraren/assistenten følgjer etter dykk heile tida. Det verker merkeleg at det skal vere «utan grunn».

Vi trur det er lurt at de snakkar med kontaktlæraren eller foreldra dykkar om dette. Dei kan hjelpe med å finne ut av kvifor læraren følgjer etter dykk.

Alle elevar har rett til eit trygt skulemiljø. Det kan du lese meir om på denne nettsida.

Helsing frå oss hos Barneombodet

Spørsmålsarkiv