20. juni 2018

Foreldre

Har foreldre lov til og ta fra deg mobilen, sei at du ikkje får gå ut og sei at du må være med dei og ikkje på rommet dit, kun for og straffe deg?

Hei, og takk for at du skriv til oss!

Foreldra dine har ansvar for deg, derfor kan dei sette reglar slik du spør om. Det kan væra at dei er bekymra for at du gjer ting som ikkje er bra. Foreldre som inndrar mobilen, sett grense for kor borna kan bevega seg og så vidare, må ha ein god grunn for det. Det er ikkje nok at det er ting dei sjølv ikkje likar, for eksempel på grunn av religion. Det skal væra ting som gjer at det er grunn til å tru at du gjer ting som ikkje er bra for deg og framtida di.

Dersom dei er bekymra for deg skal dei fortelje deg grunnen, slik at du forstår kvifor. Dei skal også seie kvifor det må væra slike reglar ein periode.

Reglane bør berre settast for ei viss tid, og saman bør dykk bli einige om kva som skal til for at reglane ikkje lenger er naudsynte.

Vårt råd er å snakke saman. Det kan væra vanskeleg, og det er lurt og førebu seg godt. Vi har laga nokon tips til den vanskelege samtalen med ein vaksen som du kan sjå på.

Lukke til!

Helsing oss hos Barneombodet

Spørsmålsarkiv