29. mars 2017

Foreldre

Hei, skal på videregåande til høsten! Og lurer på om det er mine foreldre som bestemmer om eg kan få bu på hybel eller ikkje? Eg har lyst og flytte ut til neste skule år, men mamma nekte meg fordi eg ikkje er 18 år…

Og har eg som 16 år rett til litt privatliv, fks at min mor ikkje kan bære gå inn på mitt rom og leita i tingå mine, eller at dei ska veta 100% kva eg driv med… for dei meine så lenge eg er under 18 år skal dei ha kontroll på alt og veta alt… eg e værtfall jævla uenig

Hei, og takk for at du skriv til oss.

Viss du ynskjer å flytta heimefrå før du er 18 år må foreldra dine vera samde i det. Foreldra dine er ikkje samde ønska dine om å flytta ut.  Dei kan difor nekta deg å flytta heimefrå.

Alle har rett til privatliv. Retten til privatliv gjeld også i huset der du bur. Dei som har ansvaret for deg må difor respektere at dei ikkje alltid får vite alt du gjer. Det er du som bestemmer kor mykje privat informasjon du vil dele med foreldra dine.

Samstundes har foreldra dine eit ansvar for å passe på deg når du er under 18 år. Det betyr at viss dei har grunn til å tru at du kan komme i situasjoner som er skadeleg for deg, er det deira ansvar å gjere det dei kan for at det ikkje skal skje. Det kan difor vere lurt å snakke ope og ærleg med dei om kva du gjer og kven du er sammen med.

Du finn meir informasjon om retten til privatliv, og tips til korleis du kan snakke med foreldra dine om dette på nettsidene til Barneombudet:

Lenke til side om retten til privatliv

Hilsen oss hos Barneombudet

 

 

Spørsmålsarkiv