11. september 2017

Flytting

Eg å søstra mi har bestandig bodd hos mamma og bare vore på kortere besøk hos pappa. Vi vil ikke bo hos han, vi vil flytte med mamma til Sverige, men det vil ikke pappa. Er det ikke noe vi sku ha sagt? Eg bli 12i mai.

Hei,

Det er fint at du skriv til oss.

Vanlegvis må begge foreldra være einige før ein av foreldra kan flytte med barna til utlandet. Dette gjeld sjølv om de ikkje bur hos faren dykkar.

Det er foreldra som må bestemme kvar barna skal bu, og foreldra dine må finne ei løysing som er best for dere barna. Det er viktig at du seier til både mora di og faren din kva du meiner, slik at dei veit det.

Du har rett til å bli hørt, óg før du er 12 år. Du kan ringe til familievernkontoret, og si at du vil ha ein eigen prat med dei. Der kan du fortelle kor du vil bu, og kvifor.

Du kan lese meir om rettane dine når foreldra ikkje bur i lag her.

Du kan óg snakke med ein helsesyster på skulen din, eller ein vaksen du har tillit til.

Helsing frå oss i Barneombodet

Spørsmålsarkiv