9. august 2018

Flyskrekk

Eg e liv redd for å fly men foreldra mine tvinger meg til å fly veldiglangt Norge-Spania. Eg tørr ikkje kan foreldra mine bestemme at eg skal fly. (Vi skal på ferie). Eg foreslo andre reiser vi ikkje trenger å fly men dei seier berre nei. Dei kaller meg for pyse og erter meg for at eg har Klaus.

Hei, og takk for at du skriv til oss!

Forelda dine kan bestemme om du skal fly eller ikkje, men dei skal høyre på deg og ta deg på alvor. Du bør prøve å fortelje foreldra dine ein gong til om kvifor du ikkje vil fly, slik at dei kan hjelpe deg. Kanskje du, saman med foreldra dine, kan fortelje dei som arbeider i flyet at du har flyskrekk? Dei har møtt mange som har flyskrekk og kan hjelpe deg gjennom turen.

Det er veldig vondt å ha flyskrekk og det er mange, også vaksne, som har det. Det er ikkje greitt at foreldra dine erter deg for dette.

Her kan du lese nokon tips om korleis en kan takle flyskrekk: https://nrksuper.no/super/supernytt/2014/07/28/rad-mot-flyskrekk/

Vi håper at dette var til støtte for deg. Lykke til!

Hilsen oss hos Barneombodet

Spørsmålsarkiv