20. oktober 2015

Flyktninger

Kvifor er det slik at ein flyktningsfamilie som har budd i Noreg i ca 7,5 år plutselig blir tatt ut av landet??!!

Tema: Asyl

Hei, takk for spørsmålet ditt.

I nokre tilfelle er det slik at dei som har vore i Noreg lenge likevel blir sende tilbake til heimlandet sitt. Det kan vere fordi ein finn ut av dei ikkje kjem frå det landet dei har sagt at dei kjem frå. Det kan også vere fordi dei ikkje har fått løyve til å bli i Noreg, men likevel har blitt verande fordi dei er redde for å reise tilbake.

Vanlegvis skal det ein del til for å sende nokon tilbake om dei har vore her i meir enn fire år, men det er vanskeleg  for oss å seie akkurat kva som har skjedd med den særskilde familien du skriv om.

Helsing oss i Barneombodet

Spørsmålsarkiv