23. november 2016

familie

I familien min vert eg ofte anklaga for hendingar som aldri har funne stad, og somme gongar vert eg straffa for desse. Dersom foreldra mine er sure, brølar dei alltid. Dei er sta, og vil ikkje høyre på kva eg meiner eller seier. – Eg er på ein måte oppdratt til å tru at stemma mi ikkje er viktig. Somme gongar tykkjer eg pappa verkar trugande og skummel. Ein gong ville eg ikkje delta på eit teaterspel, og då klikka det verkeleg for han. Eg låste soveromsdøra mi grunna redsel, men han sparka inn døra, og brølte kor ubrukeleg eg var medan eg gret. Hengslene vart øydelagte, og han drog meg ned trappa. No stikk eg alltid heime ifrå når det vert dårleg stemning, men det går ut over skulearbeid og konsentrasjon. I det siste har det rett og slett vorte verre, og eg kjenner meg behandla på ein dårleg måte. Eg får absolutt ikkje flytte heime ifrå, men eg trivs ikkje i heimen min. Kva skal eg gjere?

Tema: Familie Vold

Hei, fint at du skriv til oss.

Det du skriv er alvorleg og vi forstår at du har det vanskeleg. Du blir utsett for både fysisk og psykisk vald. Ingen har lov til å bruka vald mot deg. Du har rett til ein oppvekst utan vald.

Det å skuldast for noko ein ikkje har gjort og i tillegg bli straffa for det er ikkje lov. Du har krav på god omsut frå foreldra dine. Det du skriv tyder på at du ikkje får den omsuta du har krav på og treng frå foreldra dine.

Du må snakka med nokre vaksne du stolar på.

Du kan til dømes snakka med helsesyster på skulen eller sosiallæraren. Helsesyster er vant med å snakka med barn og unge. Du kan òg søkja hjelp frå barnevernet. Du finn telefonnummeret til barnevernet på heimesida til kommunen der du bur. Det viktige no er at du får snakka med nokon så raskt som mogleg.

Barneombodet har òg laga eit oversyn over andre som kan vera til hjelp for deg:

Desse kan hjelpe deg

Lukke til!

Helsing oss hos Barneombodet

Spørsmålsarkiv