6. februar 2019

Energi drikk

Eg er 12 og lurer på om eg har lov til og kjøpe burn/Monster? Alle vennane mine går og drikker på hele tida når eg er med dem og eg har lyst og prøve og drikke det.

Tema: Aldersgrense

Hei!

Det er ingen aldersgrense på energidrikk, men det er mykje koffein i energidrikker. Barn og unge er derfor ikkje anbefalt å drikke energidrikk.

Fleire stader som sel energidrikk har sjølv sett aldersgrenser på alt frå 14 til 18 år. Ein slik regel kan butikkane sjølv bestemme at dei vil ha. Foreldra dine kan også nekte deg å kjøpe energidrikk hvis dei meiner at det ikkje er bra for deg.

På ung.no kan du lese meir om energidrikker.

Helsing frå oss hos Barneombodet

Spørsmålsarkiv