22. november 2017

Kan ein lærer vere valdeleg mot ein elev.

Ein lærer på skolen min ble sur på ein elev og løftet han opp etter kragen så han ble kvelt. Dereter ble han kastet ut på gangen og slept til lærerværelset. Der ble han løftet opp mot ein vegg og skreket til. Vi sa det til rektoren men hun driter langt i det og tar lærerens parti av ein eller annen grunn. Hva skall vi gjøre

Tema: Skole Vold

Hei,

Takk for at du skriv til oss.

Det du fortel er ikkje greit. Læraren har aldri lov til å slå ein elev. Tvert i mot har skulen, og alle som jobbar der, eit ansvar for at elevane har det bra på skulen.

Du skriv at rektor ikkje bryr seg om det elevane fortel. Slik skal det ikkje vere. Det er derfor viktig at dere går videre med dette. Fortell det til ein annan lærar som dere kan stole på, eller helsesyster på skulen. Dersom det framleis er vanskelelg, så be foreldra om hjelp.

Det er rektor sitt ansvar å sørgje for at elevane har gode lærerar. Derfor har rektor også ansvar for at situasjonen på skulen blir betre. Alt dette står i loven. Hvis skulen ikkje gjer det dei skal, så kan de klage til Fylkesmannen.

Du kan lese mer om rettane dine på skulen på Barneombodet sine hjemmesider.

Vi håper dette løyser seg med hjelp fra vaksne. Treng de mer hjelp, så ta gjerne kontakt med oss på e-post post@barneombudet.no

hilsen oss hos Barneombudet

 

Spørsmålsarkiv