8. juni 2017

Dum Tanke

Hei! Eg ble mobbet på den andre skolen min, eg gren og gren hver dag etter at eg kom hjem. Men det er flere år siden men eg tenker på det enda:-( Hva skal eg gjøre??

Hei!

Mange som har opplevd mobbing vert triste når dei tenkar på det, sjølv om det har gått lang tid sida mobbinga skjedde.

Når du har det slik, er det lurt å snakke med nokon om det. Om du kan snakke med foreldra dine, er det det beste. Dei kan hjelpe deg.

Andre du kan snakke med er helsesøster på skulen eller ein annan vaksen som du stolar på. Du kan òg ringe til Kors på halsen – Røde Kors sin telefon for barn og unge. Der kan du snakke med ein vaksen om kva du vil, og vere heilt anonym.

Vi håper du snart får det betre!

Helsing frå oss hos Barneombodet

Spørsmålsarkiv