15. desember 2017

Bytte skole etter eit halvt år i 10.klasse til ein anna kommune.

hei eg lurde på om eg kunne bytte skole til ein annan kommune enn den eg bur i? eg har det virkelig ikkje bra på skulen, føler eg blir fryst ut og føler meg ikkje som en del av klassen.

Det er av og til eg griner før skulen begynner fordi eg ikkje takler skulen i det heile tatt. Eg har vore mykje vekk frå skulen iløpet av dette halvåret på grunn av dette.

Har snakket med foreldrene mine og lærerne på skulen, men rådgiveren min sier at eg enten kan gå på den skulen eg går på no eller ein privat skule, men eg klarer ikkje eit halvt år til på den skulen eg går på no, og vil ikkje på privat skule. Kan eg begynne på skulen i nabo kommunen? har også nokren venninner som går på den skulen som håper eg kan begynne der, og de fårstår veldig godt kvifor eg ikkje vil gå på den skulen eg går på no.

Det er også veldig mange i klassen min, og på ungdomsskulen sjenerelt, som røyker(gjelder også løs røyk), snuser (gjelder også løs snus) og drikker og holder på med vape.

Hei, og takk for at du skriv til oss!

Det er ingen klare reglar når det gjeld å bytte skole. Du har rett til å gå på den skolen som ligg nærast der du bur.

Elevar kan nokre gonger ha gode grunnar for ikkje å ønskje å gå på den skolen som ligg nærast der dei bur. Dette kan vere fordi alle vennene går på ein annan skole, eller om dei blir mobba. Når du søkjer kommunen om å få bytte skule, skal dei ta omsyn til slike grunnar når dei avgjer saka.

Når du ønskjer å gå på skole i ein annan kommune, må du søkje kommunen som skolen ligg i om dette. Skolen du ønskjer å gå på må ha plass til deg, og kommunen du bur i må ofte seie at det er greitt for dei.

Foreldra dine må også vere einige med deg når du vil bytte til ein skole i nabokommunen. Om du ønskjer å bytte skole fordi du ikkje har det bra på den skolen du går nå, skal foreldra dine høyre på dine meningar om dette. Det er dei som bestemmer, men dei skal legge stor vekt på det du meiner.

Om du ikkje byttar skole, bør du snakke med skolen din om korleis du har det. Du har rett til å ha det trygt og godt på skolen. Du skal ikkje oppleve at du blir fryst ut, og ikkje er ein del av klassen. Skolen din skal hjelpe deg, sånn at du har det bra på skolen. Vi har samla informasjon om skolen si plikt til å sørgje for at du har det bra på skolen her: rett til et trygt og godt skolemiljø.

Håper dette løyser seg!

Helsing oss hos Barneombodet

Spørsmålsarkiv