10. desember 2018

Brudd på taushetsplikta

Helsesøstra på skulen burde få sparken!
Eg fortalte ho at eg ikkje har det bra og har tenkt å ta livet mitt. Då ringte ho til foreldra mine, eg ville ikkje at dei skulle vite det. Kvifor braut ho taushetsplikta?

Hei, og takk for at du skriv til oss.

Du har heilt rett i at helsesyster har teieplikt, men det er litt spesielle regler for teieplikt når det gjeld barn og ungdomar.

Når ein er under 16 år så har foreldre krav på helseopplysningar om deg, med mindre du har svært gode grunner til at dei ikkje skal vita noko. Ein slik grunn kan til dømes vera at du vert utsett for vald eller overgrep heime.

Når det er snakk om noko så alvorleg som at du har lyst til å ta livet ditt, så skal helsesyster fortelja det til foreldra dine.

Dette er fordi foreldra dine har ansvar for å ta vare på deg. At du ikkje har det bra, og vil ta livet ditt, er informasjon som er kjempeviktig for foreldra dine å vita for at dei skal ta godt vare på deg.

Akkurat i denne saka har nok helsesyster gjort det som er riktig av ho å gjera, sjølv om det hadde vore fint om ho hadde snakka med deg om det på førehand. Det viktigaste er at du får best mogleg hjelp slik at du kan få det betre. Då håpar vi du får god hjelp hos helsesyster, men òg frå foreldra dine.

Når ein vert 16 år er det endå strengare regler for når foreldre kan få vita noko om helsa di, men òg då må helsesyster melda frå til foreldra i alvorlege saker.

Les meir om teieplikt for helsepersonell her.

Hilsen oss hos Barneombodet

Spørsmålsarkiv