18. november 2017

Barnevernet…

Hei eg er ein gut på 14 og har budd i fosterheim i 11 år no og eg klarer ikkje meir. Det blir lite samver mangen reglar som eg ikkje klarer å følga og då straffar dei meg forskjellege måtar. Eg trenger hjelp ut av dette helvetet, mvh Anonym

Hei,

Så fint at du skriv til oss og ber om hjelp. Det er mange ungdommar som opplev at ting blir veldig vanskeleg heime. For deg som bur i fosterheim kan det sikkert opplevast enno vanskelegare.

Du har budd svært lenge i fosterheimen din, så fosterforeldra dine kjenner deg nok godt – og du kjenner dei. Kanskje det kan hjelpe noko å prata saman om korleis du har det? Det er ikkje lett å få til ein god samtale om vanskelege ting, særleg ikkje om man er sint og frustrert i utgangspunktet. Vi har laga nokre råd du kan sjå på for å få til ei god samtale med ein vaksen.

Dersom det ikkje går å snakka med foreldra rår vi oftast born og unge til å snakka med ein vaksen dei stoler på for å be om hjelp. Det kan vera ein lærar du likar eller helsesyster på skulen. Det å snakka med nokon kan ofte vera god hjelp når man kjenner at ting ikkje er greitt.

Du kan også snakka med saksbehandlaren din i barnevernet. Barnevernet har ansvar for å følgje med på at det går bra med deg i fosterheimen og hjelpa til dersom det trengs. Dei skal hjelpa deg og fosterheimen til å få det betre.

Barnevernet har plikt til å lytte til kva du har å si, og det skal ha stor vekt. Fortel saksbehandlaren din korleis du har det. Tenk gjerne gjennom på førehand kva du vil ha endra og korleis ting kan løysast på ein betre måte for deg., for eksempel at dei må stole meir på deg, ha færre reglar, mindre straff og meir samvær om det er mogleg. Dersom du har forslag til løysingar på problema er det ofte enklare å bli einige.

Sidan du bur i fosterheim skal du og ha ein tilsynsførar som skal sjå til at du har det bra i fosterheimen. Dette er også ein du kan snakka med om korleis du har det i fosterheimen no.

Vi håper det løyser seg!

Helsing fra oss hos Barneombodet

Spørsmålsarkiv