16. mai 2017

barnehjem

Men er de ikkje farlig på barnehjem. På Internett står de at dei ikkje får mat

Tema: Barnevern

Hei, takk for at du skriv til oss.

I Norge er barneheim ein plass der barn kan vere trygge og der dei kan bu ei stund når dei treng det. Det er ikkje farleg for barn å vere i ein barneheim og dei som er der får både mat, eit rom og gode vaksne som er saman med dei.

I nokre andre land i verda kan ein barneheim vera slik du beskriv, men i Norge er det ikkje slik. Dei fleste barn i Norge som ikkje kan bu saman med foreldra sine kjem til ein annan familie de kan bu hos.

Helsing frå oss i Barneombodet

Spørsmålsarkiv