20. april 2017

aldersgrense

det er aldersgrense på mykje ting men det er ein brus eg liker kjempe godt men eg kan ikkje kjøpe den på grunn av at eg må vara 16 år for å drikka den brusen det er irriterane i alle fall når eg har fått penger til å kjøpa den?

Tema: Aldersgrense

Hei!

Det er ingen lovfesta aldersgrense for å kjøpe brus i Noreg. Fleire butikkar har likevel satt eigne aldersgrenser på energidrikker. Det er fordi dei inneheld mykje koffein. Ifølge Mattilsynet kan høgt inntak av koffein vere helseskadeleg for barn. Nokre butikkar har difor satt aldersgrense for å beskytte barn mot dette.

Her finn du meir informasjon frå Mattilsynet om koffein og barn

Hilsen oss hos Barneombodet

Spørsmålsarkiv