Gå til toppen

Kva gjer Barneombodet?

Barneombodet har direkte kontakt med barn og unge. Vi formidlar synspunkta og råda deira vidare til dei som bestemmer i Noreg og til dei som arbeider med barn, i for eksempel skulen og helsevesenet.

Vi arbeider også for at barn og unge skal få delta meir i samfunnet med sine synspunkt.

Påvirkar for eit betre samfunn for barn

Barneombodet påvirkar dei som bestemmer i Noreg til å skape eit betre samfunn for barn og unge. Dette gjer vi på fleire måtar:

  • Vi held foredrag for folk som arbeider med, eller for, barn.
  • Vi skriv brev til myndigheitene når vi meiner at barn sine rettar ikkje er godt nok tatt vare på.
  • Vi kjem med utsegner når lover skal lagast eller endrast.
  • Vi gir intervju i media og kommuniserer i sosiale media.
  • Vi har møter med politikarar i regjeringa og på Stortinget.

Barneombodet gir også råd og informasjon om barn sine rettar til personar som tar kontakt med oss på nett, e-post eller telefon.

Ekstra merksemd om eit tema

Barneombodet rettar kvart år merksemda mot eitt eller fleire område der vi ser at det er behov for styrking av barn sine rettar. I 2017/2018 arbeider vi med eit prosjekt om vald mot barn.