Medverknad frå barn og unge
Barn og unge er Barneombodet sine ekspertar, og deira erfaringar er ei viktig kjelde til informasjon for oss i arbeidet vårt.
Vi arrangerer jamleg ekspertmøter om aktuelle tema, der vi hentar inn erfaringane til barn og unge. Dette gjer vi anten i samtale med den enkelte, eller i gruppesamtalar.
I tillegg møter vi for eksempel barne- og ungdomsråd og besøker skular og andre institusjonar for å få innspel frå barn og unge sjølv.
Vi tar også barn og unge med på råd når vi tilset medarbeidar hos Barneombodet, og i arbeidet med planar og strategiar.
I medverknadsarbeidet bruker vi metodar frå vår eiga medverknadshandbok. Denne handboka kan alle bruke, og du finn den i lenkefeltet under.
Ei anna rolle Barneombodet har i barn og unge sin medverknad er å bidra til at dei blir høyrt av andre offentlege instansar, og å syte for at vi har eit regelverk som varetar dette.