Gå til toppen

Barneombussen på vegen

Vi har reist rundt i landet i ei Tabbert campingvogn for å besøke barn og unge der dei er.

IMG_9735 2  IMG_9641 2

Undervisningsopplegg

Barneombodet har utforma eit undervisningsopplegg om barnekonvensjonen. Barnekonvensjonen er ein del av norsk lov, og seier noko om barn og unge sine rettar heime, på skulen og elles i samfunnet.

Lenke til side med undervisningsopplegget.

Kva er eigentleg «Barneombussen»? 

Ideen om Barneombussen kom etter at Anne blei intervjua av nokre ungdommar før ho fekk jobben. Dei lurte på kva Anne hadde tenkt å gjere som barneombod. Ungdommane kom med ei klar utfordring til Anne:«Du må gi barn og unge mer og bedre kunnskap om sine rettigheter!» Dei ønska også at ho, som barna sin talsperson, skulle gjere seg meir kjend blant målgruppa. Anne blei barneombod, og no rullar vi rundt i Barneombussen for å møte barn og unge der dei er.

Her kan du sjå ein film med noko av det vi gjorde då vi var ute med Barneombussen i fjor. Viss du trykker her kan du lese mer om turen i fjor og sjå nokre fleire bilde.

GJ2014_Logo_farger_liggende_RGB_large

Barneombussen var ein del av Grunnlovsjubileet i 2014. 17. mai i år var det 200 år sidan grunnloven ble skriven på Eidsvoll. Grunnlovsjubileet blei feira på forskjellige måtar over heile landet. Barneombussen var ein del av denne feiringa.