Lokaldemokratikommisjonen si andre utgreiing - NOU 2006:7. Det lokale folkestyret i endring.
Kommunal - og regionaldepartement
Postboks 8112 Dep
0032 Oslo
|
Deres ref: |
Vår ref: |
Saksbeh: |
Arkivkode: |
Dato: |
|
|
06/00833-2 |
KH |
008 |
29.09.2006 |
Lokaldemokratikommisjonen si andre utgreiing - NOU 2006:7. Det lokale folkestyret i endring. Om deltaking og engasjement i lokalpolitikken
Barneombodet syner til høyringsnotat av 28 april i år om det lokale folkestyret og om deltaking og engasjement i lokalpolitikken. Ein rekke av dei sentrale tema som blir behandla har store konsekvensar for unge menneskes plass i samfunnet. Konsekvensane er likevel av meir indirekte art, gjennom det at barn og unge som forbrukarar av kommunale tenester vil kunne dra fordel av eit aktivt og levande lokaldemokrati som sett barn og unge sine interesser i fokus.
Av sentrale tema kan det nemnes valdeltakinga ved lokalval. Kommisjonen omtalar den fallande valdeltakinga ved lokalval og vurderer kva denne utviklinga betyr for lokaldemokratiet. Ulike tiltak for å få opp valdeltakinga ved lokalval blir også diskutert i utgreiinga. Situasjonen for dei politiske partia i lokalpolitikken blir teken opp, saman med spørsmål knytt til rekruttering og representativitet i lokalpolitikken.
Mykje av fokus for utgreiinga omhandlar difor aldersgruppa over 18 år og vil difor ikkje i særleg grad bli kommentert av Barneombodet.
Barneombudet skal i samsvar med lov og instruks arbeide for at barns behov, rettar og interesser blir tatt tilbørleg omsyn til på alle samfunnslag. Ombodet skal særleg følgje med i at lovgiving til vern om barns interesser blir fylgt, og at norsk rett samsvarar med dei pliktene som Noreg har etter FNs konvensjon om barnerettane. Det synes i denne samanheng særleg til konvensjonens artikkel 3, 4, 12 og 13.
Barn og unges deltaking i samfunnet har alltid vore ei sentral sak for Barneombodet. Gjennom elevrådsarbeide og gjennom dei ulike medveknadsprosjekta som er initiert i svært mange av landets kommunar har barn og unge fått ei tydeligare røyste. Ofte blir desse tiltaka grunngjeven med at dei er "opplæring i demokrati". Barneombodet meiner likevel ikkje at dette synet er det viktigaste argument for deltaking. Vi meiner tvert imot at den deltakinga barn og unge er i ferd med å utvikle er ein grunnleggande menneskerett, ikkje berre eit pedagogisk tiltak som først skal bli alvor når dei er myndige.
FNs barnekonvensjon, som no er norsk lov, godkjenner barn og unge som fullverdige samfunnsmedlemmar. Som fullverdige samfunnsmedlemmar har dei alle grunnleggande menneskerettar, men også spesielle krav for vern. Det er difor ei kontinuerleg oppgåve for samfunnet å legge forholda til rette for barn og unge slik at dei kan få den posisjonen dei skal ha utan at deira grunnleggande krav på vern krenkast.
Eit levende demokrati må, ikkje berre på ein måte, men på fleire måtar, aktivt utvikle seg i retning av å inkludere den fjerdedel av samfunnsmedlemmane som ikkje har røysterett.
I Stortingsmelding nr 39 (2001-2002) om oppvekst og levekår for barn og ungdom i Noreg foreslåas det ein rekke tiltak for å auke deltaking og innverknad:
- Styrket innsats for å sikre barn og ungdom deltakelse og innflytelse . Det skal tas større hensyn til barn og ungdoms ideer, tanker og forslag både ved planlegging, politikkutforming og i det daglige arbeidet på ulike arenaer - både i kommuner, fylker og på statlig nivå.
- Økt dialog med ungdomsmiljøene . Regjeringen vil styrke dialogen med ungdomsmiljøene gjennom mer systematisk direkte kontakt med frivillige organisasjoner og ungdomsgrupperinger.
- Systematisk medvirkning i kommuner . Regjeringen vil stimulere til at antallet kommuner med systematisk medvirkning fra barn og ungdom øker, og at dette blir en viktig og ordinær del av arbeidet i kommunene.
- Midler som barn og ungdom kan disponere selv . Regjeringen vil oppfordre alle kommuner til å avsette noe midler som barn og ungdom kan disponere selv til egne aktiviteter og til bedring av lokalmiljøet.
- Støtte til lokalt forsøks- og utviklingsarbeid . Det vil bli tatt initiativ til forsøksarbeid med barn og ungdoms innflytelse i politiske beslutninger og prosesser i kommunene.
- Informasjon og erfaringsutveksling . Statlige myndigheter vil også støtte opp om det lokale arbeidet gjennom konferanser og informasjons- og veiledningsmateriell. Blant annet vil det bli utgitt et idehefte med eksempler fra lokalt arbeid med barn og ungdoms deltakelse og innflytelse. Videre vil det bli tatt initiativ til systematiske evalueringer for å se på erfaringer fra arbeidet med barn og unges medvirkning i kommuner og fylker.
- Ungdomsnettverk og database . Det vil bli stimulert til ide- og erfaringsutveksling mellom barn og ungdom fra ulike kommuner. Dette vil blant annet bli fulgt opp gjennom bygging av nettverk og gjennom etablering av en oppdatert database over ungdomsråd eller lignende innflytelsesorganer i kommunene.
- Økt ungdomsdeltakelse i offentlige råd og utvalg. Kommuner og fylker oppfordres til i større grad å åpne opp for at ungdom får anledning til å fremme sine synspunkter gjennom deltakelse i råd og utvalg - og på møter i kommunestyre og fylkesting. Videre er det viktig å få hevet ungdomsrepresentasjonen i statlige styrer, råd og utvalg. Departementene oppfordres til å ta hensyn til dette ved oppnevning.
- Bedre kontakt mellom barn, ungdom og politikere . Kommunene oppfordres til å sikre et mer forpliktende samarbeid mellom kommunestyret og ungdomsråd eller lignende innflytelsesorgan for barn og unge. Videre er det av betydning at kommunestyret og kommunale råd og utvalg tilrettelegger for at innbyggerne, også barn og ungdom, kan fremme spørsmål og synspunkter. Dette kan for eksempel skje gjennom åpen spørretime i tilknytning til møtene.
- Ungdomskontakt. For å sikre ungdom bedre innflytelse over den lokale politikken oppfordres kommunene til å ha en egen ansvarsperson for ungdomskontakt.
Fleirtalet av norske kommunar ser ut til å ha tatt fleire av desse utfordringane på alvor og har lagt ned eit betydeleg arbeid i å inkludere denne aldersgruppa. Vi veit at over 300 norske kommunar har initiert ulike formar for medverknadsprosjekt, anten det er barn og unge sitt kommunestyre, ungdomsråd eller andre modellar. Gjennom dette arbeidet trekkast også dei utan røysterett inn i kommunale beslutningsprosessar på ulike måtar.
Barneombodet meiner likevel at tida no er moden for å bringe denne positive utviklinga vidare.
I NOU 2001:3 om Velgere, Valgordning og Valgte og som i det dokument vi her kommenterar går eit mindretal av utvala inn for å senke røysteretten ved lokalval til 16 år. Fleirtalet peker likevel på verdien av å ha einsarta aldersgrenser ved alle val og viktigheten av at røysteretten følgjer myndigalderen.
Mindretalet, derimot, peker på at vi allereie har ein rekke rettar og plikter som avvik frå myndigalderen, til dømes den kriminelle lågalder på 15 år og seksuelle lågalder på 16 år. Ungdom kan også bli medlemmar av kommunale nemnder før dei er 18 år. Ein senking av røysterettsalderen ved kommuneval til 16 år ville bidra med ein tidlig introduksjon til reell demokratisk deltaking og til meir samfunnsansvar, plikter og retter. Skulen ville også få ein viktigare rolle i forhold til å forberede dei unge til denne situasjonen.
Barneombodet støttar mindretalet i denne saken. I den samfunndebatten vi har hatt rundt senking av røysterettsalderen ser vi at mange av dei argumenta som blir ført for å åtvare mot å gje røysterett til 16 åringar er identiske med motstanden mot å gje kvinner røysterett for 100 år sida. Ein bruker begrep som at dei er for umodne, for lette å manipulere, for usjølvstendige osv. Historia har synst oss at denne type argumentasjon ikkje har gyldigheit eller relevans.
Utvalet som utarbeidet NOU 2001:3 formulerte det slik: "Demokratiet vil aldri bli et fullt ut ferdig prosjekt, det må hele tiden vedlikeholdes". Barneombodet vil gjerne gjere ei lita tilføying til dette utsagnet. "Demokratiet må ikke bare vedlikeholdes, demokratiet må utvides for å kunne styrkes".
I NOU 2006:7 synast det til nyare forsking:
Forslaget om røysterett for 16-åringar får støtte i nyare faglitteratur. Ein større samanliknande studie av røystegjeving i etablerte demokrati i perioden etter 1945 lanserer dette som eit av dei mest lovande reformforslaga som kan medverke til høgare deltaking på sikt (sjå Franklin 2004). Utgangspunktet er at dei fleste langtidsendringar skjer som følgje av generasjonsendringar og reformer som kan påverke dei unge kan ha størst sjanse for å påverke deltakinga positivt. Argumentet er at røystegjeving må lærast og at dette er kostnadskrevjande for den enkelte. Desse kostnadene er større når ein person skal røyste i sitt første val samstundes som vedkommande sluttar i skulen. Ved å senke røysterettsalderen til 16 år vil dei fleste unge delta i sitt første val medan dei framleis er i ein læringskontekst. Denne situasjon kan utnyttast for å lære vanen å røyste.
Når no røysterettsdebatten igjen trekkast fram i NOU 2006:7, meiner Barneombodet at tida er moden for å utvide - og styrke - demokratiet ved å nedsette eit utval som har som mandat å utrede konkrete forslag til å kunne inkludere 16 åringar i demokratiske prosessar, gjennom røysterett ved lokalval. Gjennom FNs barnekonvensjon har Noreg forplikta seg til å auke dei unges medverknad. Ein senka røysterettsalder er ein konkret måte vårt samfunn kan bidra til å verkeleggjere artikkel 12 i FNs barnekonvensjon på.
|
Venleg helsing |
|
|
|
|
|
|
|
|
Reidar Hjermann |
|
|
barneombod |
Knut Haanes |
|
|
nestleiar |
Oppdatert: 08.03.2008 16:16


