Gå til toppen

Felles nordisk fråsegn for aldersgrense ved omskjæring av gutar

Mandag 30. september 2013 blei det halde eit nordisk seminar på kontoret til Barneombodet, der ulike sider ved omskjæring av gutar blei tatt opp.

omskjæring_underskrifterEtter seminaret skreiv dei nordiske barneomboda og dei barnemedisinske ekspertane under på ei felles fråsegn.

I fråsegna støttar underskrivarane ei aldersgrense for omskjæring av gutar. Dei ber dei nordiske regjeringane setje i gang nødvendige tiltak for at gutar sjølv kan velje om dei vil bli omskorne.

Felles uttalelse fra de nordiske barneombudene og barnemedisinske eksperter om omskjæring av gutterFelles uttalelse