Gå til toppen

Rapportering til FNs barnekomité i Geneve

Det er myndigheitene som har plikt til å syte for at barnekonvensjonen blir fylgd i Noreg, og at barn i Noreg har dei rettane barnekonvensjonen seier barn skal ha.

Om rapporteringa frå staten
Kvart femte år må derfor den norske regjeringa sende ein rapport til FN der dei skriv om hva dei gjer for at barn skal få rettane sine oppfylt i Noreg.

Den første offisielle rapporten frå Noreg til FNs komité for barnet sine rettar (barnekomiteen) blei levert i 1993, den andre i 1998, den tredje i februar 2003 og den fjerde i februar 2008.

Rapportane skal innehalde oversikt over tiltak landet har vedtatt som får verknad for barn og unge sine rettar, og ei skildring av framgangen når det gjeld kva moglegheit barn og unge har til å nyte godt av disse rettane.

Om supplerande rapportar
I Noreg har Barneombodet eit ekstra ansvar for å følgje med på at barnekonvensjonen blir fylgd. Vi sender derfor ein supplerande rapport til barnekomiteen, for å ta opp tilhøve der vi meiner Noreg ikke oppfyller rettane etter barnekonvensjonen. Rapporten kalles supplerande fordi den gir tilleggsinformasjon vi meiner ikkje er godt nok dekka i statsrapporten.

Det samme gjer Forum for barnekonvensjonen, eit forum som er samansett av frivillige organisasjonar som jobbar for barn, og frå 2009 også Norsk senter for menneskerettigheter.

Forum for barnekonvensjonen leverte rapportar der den offisielle rapporten blei kommentert i 1998 og 2004. Barneombodet leverte ein eigen rapport til FNs barnekomité i 1999, 2004 og i 2009.

I 2014 kom Redd Barna med rapporten 20 år med merknader som ser på hvordan norske myndigheter har fulgt opp kritikk og anbefalinger fra FNs barnekomité de siste 20 årene

«Presession»
Etter at statsrapporten og dei supplerande rapportane er levert til barnekomiteen, kallar komiteen inn til ein «presession». Her får Forum for barnekonvensjonen, Barneombodet og Norsk senter for menneskerettigheter moglegheit til å legge fram sine supplerande rapportar og svare på spørsmål frå barnekomiteen.

Eksaminasjon
Etter presession blir norske myndigheiter kalla inn til eksaminasjon. Då møter representantar for dei ulike departementa, gjerne leia av barneministeren. Under eksaminasjonen stiller komiteen ei rekkje spørsmål til Noreg, og representantane må svare.

Merknader fra komiteen (concluding observations)
Etter eksaminasjonen oppsummerer barnekomiteen  anbefalingane sine til Noreg i eit sluttdokument. Dette dokumentet inneheld anbefalingar om kva Noreg bør betre for å sikre barn rettane sine etter barnekonvensjonen.

Anbefalingane frå komiteen er ikkje juridisk bindande, og det følgjer ingen sanksjoner dersom eit land ikke følger oppfordringane frå komiteen. Systemet byggjer på politisk vilje, og det ligg ei forventning om at myndigheitene skal jobbe for å følgje opp anbefalingane i perioden mellom rapporteringane.

Rapportering 2008

Nyttige lenker