Gå til toppen

Barnepolitiske anbefalingar til dei politiske partia

Barneombodet har samla nokre av dei viktigaste sakene som politikarane i landet bør gripe fatt i for å sikre barn og unge rettane sine. I heftet «Ta barn på alvor» presenterar Barneombodet 43 barnepolitiske anbefalingar, fordelt over 13 tema.

Først i dei barnepolitiske anbefalingane står det å kjempe mot vald og overgrep mot barn, og mobbing.

– Ei av de store samfunnsendringane i vår tid er synet på barn. I Noreg ser vi ikkje på barn berre som ein del av familien, men som individ med sjølvstendige rettar. Men vi er ikkje i mål, skriv barneombod Lindboe i forordet.

Ho viser til at barn blir ikkje alltid lytta til, sjølv om FNs barnekonvensjon gir dei rett til det. Og at det ofte blir fatta avgjerder som vedkjem barn, utan at kva som er det beste for barnet er eit grunnleggjande omsyn, slik det skal i følgje barnekonvensjonen.

– Nokre verkeleg vonde saker, som Monikasaka og Christoffersaka, viser dessutan korleis rettssikkerheita til barn framleis er altfor dårleg. Og Odin, 13-åringen som tok livet av seg, opna for alvor mange sine auge for kor alvorleg mobbing er, skriv ho vidare.

Her kan du lese dei barnepolitiske anbefalingane frå Barneombodet:

Ta barna på alvor – barnepolitiske anbefalinger_bokmål

Ta barna på alvor – barnepolitiske anbefalingar_nynorsk