Gå til toppen

Rett til å velje kven du blir glad i

ill_rettighetAlle har lov til å vere glad i den dei vil.

Ingen har lov til å fortelle nokon som er glad i ein av same kjønn at det er galt.

Ingen har lov til å forskjellsbehandle nokon fordi han eller ho er glad i ein av same kjønn.

 

Nokon blir forelska eller får andre sterke følelsar for personar i løpet av barndommen og ungdomstida. Andre vil gå gjennom den same tida utan å kjenne dei same følelsane.

Nokon vil oppleve at de får følelsar for personar av same kjønn som dei sjølv. Det er heilt vanleg, og like fint som å få følelsar for ein av det andre kjønnet.

Nokon kan også oppleve å ha følelsar for begge kjønn, enten i periodar eller gjennom hele livet. Det er også heilt normalt.

ill_caser

Si ifrå!

Viss nokon du kjenner blir mobba eller forskjellsbehandla fordi dei er forelska i ein av same kjønn, er det viktig at du sier frå til ein vaksen du stolar på.

Det er ekstra viktig viss du sjølv kjenner at du er forelska i nokon av same kjønn, og at du føler deg plaga av andre på grunn av det.

Treng du nokon å snakke med om dette, kan du ta kontakt med Ungdomstelefonen.

Barn sin rett til å ikkje bli diskriminert: FNs barnekonvensjon artikkel 2