Gå til toppen

Korleis kontakte barnevernet

Viss du ikkje har det bra, er det viktig at du får hjelp. Nokre gongar er det riktig å kontakte barnevernet.

Barnevern Alarmtelefonen Barnevernvakten Treng du hjelp frå barnevernet?

Viss du eller nokon du kjenner har det vanskeleg heime, kan du ta kontakt med barnevernet i din kommune.

I arbeidstida på kvardagane kan du kontakta kommunen din:

Her finn du tenesta i kommunen din.

Melde frå på kveldstid, i helgar og på heilagdagar:

Finn din næraste barnevernvakt her.

Eller du kan ringe gratis til Alarmtelefonen på nummer 116 111. Der treffer du vaksne som er flinke til å snakke med barn som har det vanskeleg.

Lenke til Alarmtelefonen.

Når skal du kontakta barnevernet?

Mange barn lurar på om problema er alvorlege nok. I barnevernstenesta tenkjer ein at det er betre at du seier ifrå, enn at du lèt det vera.

Her er nokre døme på ting ein kan seie frå om:

  • Viss du eller andre i familien din blir slått, eller trua med å bli slått.
  • Viss du opplever psykisk vald heime.
  • Viss du blir misbrukt seksuelt.
  • Viss foreldra dine rusar seg.

Lurar på du kva vald er? Her får du ei enkel forklaring på dét.