Gå til toppen

Misfornøgd med barnevernet?

Viss du er misnøgd med den hjelpa du får av barnevernet, er det viktig at du sier ifrå. Det er fleire måter å gå fram på:

ill_caserSei ifrå!

Sei ifrå til barnevernet. Du kan ringe eller skrive.

Viss du vil skrive, kan du fylle ut skjemaet

Misfornøyd med barnevernet (bokmål) eller

Misfornøgd med barnevernet (nynorsk) og sende til dem.

Det som er fint med å seie ifrå, er at barnevernet kan tenke seg om og sjå om det er lurt å forandre på den hjelpa du får.

Det er jo ikkje sikkert at barnevernet veit om det du tenkjer på, eller har lyst til.

 

 

ill_caserVil du klage?

Er du over 15 år, kan du i nokre tilfelle klage sjølv. Ta kontakt med barnevernet og fortell at du vil klage. Barnevernet har ei plikt til å hjelpe deg med klagen.

Foreldrene dine kan også klage. Det betyr at dei kan skrive ned det dei er misfornøgd med, og at barnevernet eventuelt kan forandre på det du og foreldra dine er misfornøgde med.

Viss barnevernet ikkje forandrar meining, må dei skrive ned kvifor dei ikkje gjer det. Det dei har skrive, må dei sende til fylkesmannen saman med klagen som du eller foreldra dine skreiv.

Fylkesmannen må bestemme seg for om dei er einige eller ueinige med deg og foreldra dine.

Fylkesmannen skal først og fremst tenkje på kva som vil vere til det beste for deg.

 

ill_sporsmalKven er fylkesmannen?

Fylkesmannen er ein dame eller ein mann som har som jobb å passe på at barnevernet følgjer dei lover og reglar som gjeld.

Hos fylkesmannen jobbar det også mange andre som skal passe på det samme.

Dei som jobbar hos fylkesmannen, les alle klagar, og ser på om lover og reglar har blitt følgde. Du finner ei oversikt over alle fylkesmennene i Noreg her: www.fylkesmannen.no