Gå til toppen

Kva gjer barnevernet?

Barnevernet skal hjelpe barn som ikkje har det bra.

Barnevernet skal alltid tenke på kva som vil vere best for barnet når bestemmer seg for kva type hjelp barnet skal få. Det som er bra for eitt barn, treng ikkje være bra for eit anna barn. Derfor gir barnevernet litt forskjellige typar hjelp.

ill_sporsmalHjelp heime

Barnevernet kan hjelpe deg så du får det betre heime hos foreldra dine.

Barnevernet kan for eksempel

  • snakke med foreldra dine og gi dei gode råd om hva dei kan gjere for at du skal få det betre heime
  • finne ein god besøksheim (Ein besøksheim er ein familie du kan besøke innimellom.)
  • sørge for at du får plass på SFO eller aktivitetsskole
  • gi pengehjelp så du kan være med på aktivitetar som vil være bra for deg

Hjelp utanfor heimen

Viss du har det veldig vanskelig heime, kan det hende at det ikkje blir betre sjølv om barnevernet hjelper til.

Då må barnevernet sjå om det er best for deg om du bur ein annan stad enn heime. Nokre bur i fosterheim, mens andre bur på barnevernsinstitusjon.

 

Bekymringsmelding

For å kunne hjelpe barn som har det vanskeleg, må barnevernet først få beskjed frå nokon om at barnet ikkje har det bra.

Det er ei bekymringsmelding – eller uromelding. Kven som helst kan gi beskjed om at et barn ikke har det bra. Dei kan ringe til barnevernet eller sende eit brev.

Alle som jobbar med barn har plikt til å sende ei bekymringsmelding viss dei veit at eit barn har det veldig vanskeleg heime.

ill_sporsmalKva gjer barnevernet når dei får ei bekymringsmelding?

Når barnevernet får ei melding, må dei bestemme seg for om dei skal undersøke nærare det dei har fått vite i meldinga. Dette må dei gjere før det har gått ei veke.

Viss barnevernet meiner at det dei har fått vite ikkje er så alvorlig, avslutter dei saka. Då gjer ei ikkje noko meir med det.

Men viss dei trur at det som står i meldinga er alvorleg, eller at det er noko dei kan hjelpe barnet og familien med, så må dei undersøke meir.

Undersøking

Viss barnevernet bestemmer seg for å jobbe meir med det som står i meldinga, har dei som regel ikkje meir enn tre månader på seg til å undersøke korleis du har det heime.

For å få vite korleis du har det heime, kan dei for eksempel

  • snakke med foreldra dine
  • snakke med deg
  • snakke med læraren din
  • besøke deg og familien din heime

Når barnevernet har fått vite alt dei lurar på, har dei eit ansvar for å finne ut kva som er best for deg framover. Dei skal rett og slett finne ut om du trenger hjelp, og hva slags type hjelp du bør få.

 

All hjelp som barnevernet gir skal vere med tanke på at det er til det beste for deg: Lenke til barnevernlova § 4-1

Reglane for bekymringsmelding og undersøkelser: Lenke til barnevernlova § 4-2 og 4-3 og Lenke til barnevernlova § 6-4

Når barnevernet undersøker korleis du har det heime, skal dei snakke med deg: Lenke til barnevernlova § 6-3

Barn sin rett til å bli høyrt: Barnekonvensjonen sin artikkel 12