Gå til toppen

Kva er ein fosterheim?

ill_sporsmalEin fosterheim er ein familie som barnevernet finn til deg viss du ikkje kan bu heime hos foreldra dine.

Fosterforeldra dine skal ta vare på deg og gjere vanlege foreldreoppgåver.

Når du bur hos fosterforeldre har dei ansvar for å gi deg god omsorg.

 

Kven kan bli fosterheim?

Ikkje alle familiar kan bli ein fosterheim.

Det er berre familiar som passar godt til å hjelpe barn som ikkje kan bu heime som kan vere fosterheimar.

Det er barnevernet som bestemmer kva familiar som kan bli fosterheim.

ill_rettighetViss du bur i fosterheim har du rett til:

  • å bli høyrt av fosterforeldra dine
  • å bli høyrt av dei som jobbar i barnevernet
  • å få ein tilsynsførar som kjem og besøkjer deg fire ganger i året

Når du bur i fosterheim, er det fosterforeldra dine som bestemmer det meste over deg i kvardagen. Fosterforeldra dine har plikt til å ta vare på deg. Det betyr at dei kan bestemme ein del ting, akkurat som andre foreldre kan. For eksempel

• kva slags innetider og leggetider du skal ha
• kor mykje du skal delta i husarbeidet
• kva du får lov til å gjere i helgene og på fritida di

Uansett kva fosterforeldra dine bestemme, skal dei tenkje på kva som er best for deg. Jo eldre du blir, jo meir kan du vere med å bestemme.
Du kan lese meir om kva rettar du har i fosterheim på lenka under.

Lenke til side om rettane dine i fosterheim