Gå til toppen

Dataspel

Dataspel i skulen

Det er stadig fleire skular og lærarar som har forstått at dataspel kan brukast til å lære. På dataspilliskolen.no kan læraren din finne tips om korleis han eller ho kan bruke meir dataspel i undervisinga.

Aldersgrenser på dataspel

Sjølv om dataspel kan vere bra, betyr ikkje det at alle spel er laga for å vere lærerike. Dei fleste spel er laga for spenninga si skuld. Nokre spel kan også vere skremmande. Derfor lagar Medietilsynet anbefalte aldersgrenser på dataspel. Du kan lese mer om aldergrenser og Medietilsynet her.

ill_sporsmalKva er problemspeling?

Mange av spela kan gjere deg avhengig. Oftast fordi vi vil så gjerne finne løysinga på eit problem.

Nokre barn speler så mykje at vi kallar det for problemspeling.

Det betyr at dei speler så mykje at spelinga blant anna går ut over skule og venner.

 

ill_caserTreng du hjelp?

Dersom du speler for mykje er det viktig at du får hjelp med å kontrollere tida du bruker framfor skjermen.

Det er lurt å snakke med foreldra sine om det. Saman kan de få tips og råd fra problemspillingsbrosjyren, eller les denne lille veilederen problemspilling.no.

Synest du det er vanskeleg å snakke med foreldra dine?
Les tipsa til den vanskelige samtalen.

Vaksne veit ofte for lite om speling

Nokre foreldre overdriv nok kor mykje barna speler.

Det er ganske vanleg i dag å spele saman, og å møte kvarandre i spelet. Det er mange vaksne ikkje vant med, og dei opplever det nok veldig annleis enn mange barn og unge.

Dersom det er eit problem hos dykk kan det vere lurt å invitere dei vaksne til å bli med. Viser du dei og forklarer korleis dykk speler er det lettare for dei å forstå.