Gå til toppen

Film og aldersgrenser

I Noreg har vi aldersgrenser på film som skal visast på kino. Grensene er:

  • Tillate for alle
  • 6 år
  • 9 år
  • 12 år
  • 15 år
  • 18 år

Aldersgrenser har vi fordi du skal vere sikker på at filmen du vil sjå passar for deg, og ikkje skremmer deg eller får deg til å kjenne ubehag på nokon måte.

Beskyttelsesloven

I Noreg har vi ein lov for å beskytte barn og unge mot skadeleg innhald i program, seriar, filmar mv. Lova blir kalla «Beskyttelsesloven». Du kan lese meir om Beskyttelsesloven på Medietilsynet sine sider i lenka under.

Lenke til side om beskyttelsesloven

Beskyttelsesloven seier at alle program, seriar og filmar som blir sendt på TV eller ligger på nett, skal merkast tydeleg med aldersgrense. NRK har laga ei oversikt over kva dette betyr. Les meir om dette i lenka under.

Nye TV-ikoner

ill_sporsmalKva er følgjesveinprinsippet (nynorsk) eller ledsagerprinsippet (bokmål)?

Følgjesveinprinsippet betyr at du kan sjå ein film med ei høgare aldersgrense viss du har med deg ein vaksen over 18 år.

Viss du er 12 år, kan du for eksempel sjå ein film med 15-årsgrense viss foreldra dine eller ein annan vaksen er med.

 

Hvem bestemmer aldersgrensene?

Det er Medietilsynet som bestemmer aldersgrensene. Den grensa filmen får når den går på kino, skal den også ha når den kjem på DVD og nett etterpå. Barneombodet har lov til å klage på aldersgrensa som Medietilsynet har bestemt.

Nokre filmar kjem ikkje på kino, men rett på DVD, TV eller nett. Medietilsynet bestemmer ikkje aldersgrensene på desse filmane. Det er det dei som har laga filmane som gjer sjølv. Det betyr at filmen kan vere skummel eller ikkje passe for din alder, sjølv om det står ei aldersgrense på.

Kva er Medietilsynet?

Medietilsynet jobbar blant anna med å

  • lage reglar for radio- og tv-sendingar
  • passe på at barn blir beskytta mot reklame
  • gi råd om korleis barn skal være trygge på nett

 

 I Film og videogramlova § 5 står det om aldersgrenser.