Gå til toppen

Kva har du rett til når du er på sjukehus?

Når du er innlagt på sjukehus eller andre helseinstitusjonar har du spesielle rettar.

Du har dei same rettane til behandling som alle som ligg på sjukehus. I tillegg har du spesielle rettar fordi du er barn.

ill_rettighetDine rettar:

  • Viss det er til ditt beste, har du rett til å ha minst ein av foreldra dine hos deg mens du er på sjukehuset.
  • Viss du er alvorleg sjuk, skal begge foreldra dine få være saman med deg.
  • Både du og foreldra dine har rett til å få informasjon om det som feilar deg.
  • Du har rett til besøk utanom besøkstida dersom du ikkje er så sjuk at legane meiner du ikkje kan ha besøk.
  • Du har rett til undervisning mens du er på sjukehuset, slik at du klarar å følgje opp skulen.
  • Du har rett til å ligge på ei barneavdeling så sant det lar seg gjere.
  • Du skal sleppe å dele rom med nokon som er så dårleg at du opplever det skremmande.
  • Du bør også sleppe å dele rom med ein vaksen.

 

ill_caserBli høyrt!

Legar, sjukepleiarar, psykologar og andre som har med helsa di å gjere har plikt til å høyre på deg.

Frå du er 7 år skal dei spørje deg om meininga di når det gjeld helsa di og behandlinga du får.

Du bør få seie meninga di før dette også.

 

Du har fleire rettar under sjukehusopphaldet. Desse kan du lese meir om i forskrift om barns opphold i helseinstitusjon.

Lenke til forskrift om barns opphold i helseinstitusjon