Gå til toppen

Rett til eiga tru

 

ill_rettighetTrus- og religionsfridom

Trus- og religionsfridom betyr at du har rett til å tru på det du vil, eller ikkje å tru i det heile tatt.

Du har lov til å sjølv finne informasjon om alle religionar og livssyn, for sjølv å kunne gjere deg opp ei mening.

Du kan i løpet av livet ditt endre meining om tro eller religion.

Du kan tilhøyre forskjellige religiøse retningar, som for eksempel kristendommen, jødedommen eller islam.

Du kan også tilhøyre eit livssynssamfunn som for eksempel Humanetisk forbund. Det er også mange som ikkje tilhøyrer ei bestemt tru.

Skolen du går på har ei plikt til å behandle alle religionar og livssyn med respekt. Dette gjeld også i undervisninga.

ill_sporsmalKva kan foreldre bestemme?

Foreldre har lov til å rettleie barna sine i spørsmål om tru. Å rettleie betyr å hjelpe ein annen slik at han eller ho sjølv kjem fram til si eiga løysing.

Mange barn har foreldre som har ei personleg tru.

Barn som veks opp i slike heimar vil ofte være med foreldra på forskjellige aktivitetar knytt til deira tru eller livssyn. Foreldra har lov til det, men det er viktig at dei høyrer på kva barna sjølv føler og vil.

Jo eldre du blir, jo mer må foreldra dine høyre på meningane dine.

Den religiøse lågalderen i Noreg er 15 år. Det betyr at når du er 15 år, kan du sjølv melde deg inn eller ut av eit trus-og livsynssamfunn.

Barn sin rett til eiga tru: Barnekonvensjonen artikkel 14