Gå til toppen

Rett til privatliv

Du har rett til å ha eit privatliv
ill_rettighet

Retten til eit privatliv betyr blant anna at

  • ingen har lov til å spre falsk informasjon om deg som er sårande eller støytande
  • dei som har ansvaret for deg må respektere at dei ikkje alltid får vite alt du gjer
  • du skal få ha hemmelegheiter med vennene dine

Privatliv i familien

Retten til privatliv gjeld også i huset der du bur, uansett om du bur sammen med ein eller begge foreldra dine, i fosterheim eller på barnevernsinstitusjon.

ill_caserBli høyrt!

Det er du som bestemmer kor mykje privat informasjon du vil dele med foreldra dine.

Men det kan være lurt å snakke ope og ærleg med dei om kva du gjer og kven du er sammen med.

Ikkje alt er like lett å snakke om.

Her finn du tips til korleis du kan snakke med foreldra dine:

Den vanskelige samtalen.

 

ill_sporsmalKva har foreldre lov til?

Foreldre eller verjer har eit ansvar for å passe på deg.

Ansvaret foreldra dine har for deg, blir kalla foreldreansvar.

Det betyr at viss dei har grunn til å tru at du kan komme i situasjonar som er skadelege eller farlege for deg, er det deira ansvar å gjere det dei kan for at det ikkje skal skje.

Viss dei trur at eit brev du får for eksempel innehold skadeleg informasjon eller narkotika, kan dei derfor ha lov til å opne brevet.

Les om barn sin rett til privatliv i FNs barnekonvensjon artikkel 166