Gå til toppen

Kva er seksuelle overgrep?

ill_sporsmalSeksuelle overgrep er når nokon kosar med eller tar på puppene dine, rumpa eller tissen din, får deg til å gjere noko med sin eigen tiss, eller tar sin tiss mot din tiss, utan at du vil det.

Det kan være ein vaksen eller eit anna barn.

Ingen har lov å gjera noko slikt mot deg om du ikkje vil det. Vi kallar det seksuelle overgrep.

Det er alltid ulovleg om vaksne gjer dette mot eit barn under 16 år. Sjølv om du kan oppleve at det er litt godt å bli tatt på nokre av desse intime plassane, er det ulovleg at ein vaksen gjer dette. Det betyr at ein vaksen kan straffast for dette.

Ingen barn skal oppleve at å bli utset for seksuelle overgrep, ikkje frå vaksne, og ikkje frå andre barn.

Incest er når nokon i familien utset deg for seksuelle overgrep.

Valdtekt er når nokon, det kan væra ein vaksen, ein ven eller andre, stikker noe inn i dine kroppsåpningar, munn, tiss eller rumpe som du ikkje vil.

ill_caserSei i frå!

Seksuelle overgrep er aldri eit barn si skuld.

Viss nokon gjer dette mot deg og for eksempel seier at det er ein hemmelegheit du ikkje må fortelje til andre, må du likevel prøve å fortelje det til ein du stolar på.

Viss du trur at nokon har gjort seksuelle overgrep mot deg, bør du be om hjelp. Sjå her.

Barn sin rett til eit liv utan vald og overgrep:
Barnekonvensjonen artikkel 19Barnekonvensjonens artikkel 19

Lenke til straffelovenLenke til straffeloven