Gå til toppen

Kva er psykisk vald?

Psykisk vald handlar om at nokon seier ting som gjer at du får vondt inn deg. Det kan vera å skrike til deg, seie slemme ting eller true deg. Det kan også vera psykisk vald å gjere slike ting mot nokon du er glad i, for eksempel mor, far, søsken eller kjæledyr.

Foreldre skal gi barn tryggleik og omsorg og passe på at dei har det bra og føler seg elska. Det er ikkje alle foreldre som klarar det.

Her er nokre eksempel på kva foreldre kan gjere som kan kallast psykisk vold:

  • Dei seier stygge ting som gjer at du føler deg dum og trist.
  • Dei rakkar ned på deg eller gjer narr av deg.
  • Dei skremmer eller truar deg.
  • Dei låser deg inne på eit rom.
  • Dei overser deg og lèt som om du ikkje finst.

Det kan nokre gonger være vanskeleg å vite om det du opplever er psykisk vald.

Det er greit at foreldre seier i frå til barna sine hvis barna gjer ting som de ikkje får lov til. Men foreldre skal ikkje kjefte og være sinte heile tida.

ill_caserTreng du hjelp?

Om du ikke har det bra heime, er det viktig at du får hjelp.

Du kan snakke med ein vaksen du stolar på, for eksempel ein lærar eller helsesjukepleiar på skulen din. Du kan også ta kontakt med  Alarmtelefonen 116 111.

Barn sin rett til å bli beskytta mot vald:
Barnekonvensjonen artikkel 19Barnekonvensjonens artikkel 19

Lenke til barnelovenLenke til barneloven

Lenke til straffelovenLenke til straffeloven