Gå til toppen

Ingen har lov å slå barn, heller ikke foreldre

Det er forbode å slå barn.

Foreldra dine har aldri lov til å slå eller gjere noko som kan skade deg. Det betyr at det ikkje er lov til å gi ris, slå deg på fingrane, lugge eller skade deg på andre måtar med vilje.

Nokre foreldre seier at dei slår for å lære barnet å oppføre seg bra. Det er ikkje greitt. Uansett kva eit barn har gjort, så er det forbode å slå barn. Den som slår eller skadar eit barn med vilje, kan bli straffa for det.

ill_caserTreng du hjelp?

Om du blir slått eller skadd er det viktig at du får hjelp.

Du kan snakke med ein vaksen du stolar på, eller du kan ta kontakt med Alarmtelefonen.

Barn har rett til eit liv utan vald og overgrep:
Barnekonvensjonen artikkel 19Barnekonvensjonens artikkel 19

Foreldre har ikkje lov til å bruke vald mot barn:
Barneloven § 30barnelovens § 30