Gå til toppen

Stemmerett for 16-åringar

I Norge kan du stemme ved kommune- og fylkestingsval når du er 18 år.

Stemmerett for 16-åringar?

I 2011 blei det gjort eit forsøk der norske 16-åringar fekk stemme for aller første gong.

Forsøket blei gjort i 20 norske kommunar, og det var faktisk fleire 16- og 17-åringar som stemte enn 18 åringar!

Barn og ungdom brukar mange kommunale tenester som skule, fritidsklubbar, idrettsanlegg, helsetenester og kollektivtransport.

Dei kjenner på kroppen korleis det er å være ung i lokalmiljøet, og dei veit kva det er som er viktig for at dei skal ha det bra. Det er i kommunen at barn og unge lever liva sine.

Kommunen skal være flinke til å høyre på alle barn og ungdommar, blant anna gjennom barne- og ungdomsråd.

 

Barneombudet menier det bør være stemmerett for 16-åringar.

Grunnen til det er fordi Barneombudet meiner at

  • unge har erfaring som lokalsamfunnet må bruke betre
  • viss 16-åringar får stemme, må politikarar ta ungdom på alvor
  • fleire som stemmer for første gang er mellom 18 og 20 år. Då har mange flytta fra heimstaden, og kanskje gløymt det som er viktig for ungdom.
  • viss stemmerettsalderen blir senka, vil flere få moglegheit til å forandre ting som handlar om ungdom
  • val handlar ikkje om å kunne mest mogleg, men om å ha ei mening. Det ein meiner når ein er 16 år er viktig, også for demokratiet.
  • fordi 16-åringar er ferdig med 10 års skule og har lært nok om samfunnet til å kunne stemme på politikarar

Barn sin rett til deltaking og innverknad: barnekonvensjonens artikkel 12.

Her kan du lese eit hefte om Stemmerett for 16-åringar frå 2011: