Gå til toppen

Kan politiet ta deg med på politistasjonen?

Politiet har lov til å ta deg med på politistasjonen.

Politiet kan ta deg med viss du

  • forstyrrar ro og orden
  • ikkje seier kva du heiter når politiet spør
  • ikkje fjernar deg frå ein stad når politiet ber om det
  • er på ein stad kor det har skjedd noe kriminelt
  • er berusa, og kan være til skade for deg sjølv eller andre

Dette blir kalla innbringing. (Innbringelse på bokmål).

Ved innbringing må politiet sleppe deg fri etter 4 timar. Viss du er rusa, kan dei vente med å sleppe deg fri til du har sove ut rusen.

Politiet skal prøve å få tak i foreldra dine, og hvis det er mogleg skal dei heller køyre deg heim eller til barnevernet.

 

Politiet kan ta med ein ungdom over 15 år viss dei meiner at du har gjort noe straffbart.

Dette kalles arrestasjon (på bokmål også pågripelse).

Barn skal ikkje arresterast utan at det er helt nødvendig.

Nokre gonger blir ein sett i politiarresten.

Politiarrest er det ein gjerne kaller glattcelle. Ei glattcelle er eit låst rom som ofte berre har ei madrass på golvet og ein do. Det er ei luke i døra som politiet kan sjå inn gjennom.

Du har rett til å få kontakt med ein advokat seinast to timar etter at du kom til politistasjonen.

Viss du blir arrestert seint på kvelden, må du kanskje vente til morgonen etter. Foreldra dine vil også normalt bli varsla.

Det er politiloven som har reglar for innbringing.

Det er straffeprosessloven som har regler for arrestasjon.