Gå til toppen

Kva er mekling i konfliktrådet?

ill_sporsmalViss du har brote lova, kan politiet sende saka vidare til konfliktrådet.

Viss saka di hamnar i konfliktrådet, blir du kalla inn til eit meklingsmøte.

Meklingsmøtet blir leia av ein vaksen som blir kalla meklar.

Han eller ho skal ikkje ha ei meining om det som har skjedd, men hjelpe dei som er i ein konflikt til å snakke sammen.

Meklaren har teieplikt.

I konfliktrådet møter du den som har blitt utsett for det du har gjort:

  • Har du for eksempel stole frå ein butikk, kan du møte butikksjefen.
  • Har du øydelagt gjerdet til naboen din, vil du kunne møte naboen.
  • Har du slått ein gut på skolen, er det han du vil møte.

De må begge vere einige i at saka blir sendt til konfliktrådet.

Er du under 18 år, har du vanlegvis med deg foreldre.

Nokre gonger vil konfliktrådet foreslå at også andre personar skal vere med på møtet. Det kan for eksempel vere ein lærar eller politiet.

ill_sporsmalKva skjer i konfliktrådet?

Snakke sammen: Både du og den du møter i konfliktrådet får høve til å fortelje om kva som har skjedd. Det kan vere vanskeleg å høyre korleis den andre opplevde det som skjedde, og kva det har betydd for han etterpå.

Avtale: Ofte endar samtalen i ein avtale. Det er opp til dykk å sammen bestemme kva som skal stå i avtalen. Det kan for eksempel vere at du skal hjelpe naboen med å reparere gjerdet. Det kan også vere at de avtalar at dette ikkje skal skje igjen, og at de skal helse hyggeleg på kvarandre når de møtest.

Viss de kjem til ein avtale, vil saka bli avslutta hos politiet. Då vil det heller ikkje komme på politiattesten din.

Kjem de ikkje til ein avtale, vil saka bli sendt tilbake til politiet, som må vurdere om dei skal gå vidare med den til domstolen.

 

ill_caserDu kan kontakte konfliktrådet sjølv

Du kan sjølv kontakte konfliktrådet dersom du treng hjelp til å rydde opp i ein konflikt.

Då vil konfliktrådet be den du ønskjer å snakke med, om å komme til eit meklingsmøte.

Det kan for eksempel vere aktuelt viss du opplever mobbing, eller viss den andre er under 15 år.

Reglane for konfliktrådet finna du i konfliktrådslova.