Gå til toppen

Din rett frå du er 16 år

  • Du er over den seksuelle lågalder.
  • Du har rett til å nekte foreldra å få vite at du har vore hjå lækjar.
  • Du kan øvelseskøyre bil dersom du har gjennomført trafikalt grunnkurs. Følgjesveinen må ha fylt 25 år og ha hatt sertifikat samanhengande i over 5 år. Bilen skal ha L-skilt i bakruta og ein ekstra spegel på innsida.
  • Du kan ta mopedførarbevis og førarprøva for lett motorsykkel og traktor, dersom du har gjennomført trafikalt grunnkurs og annan obligatorisk opplæring.
  • Du kan gifte deg – med foreldra og styresmaktene si godkjenning.
  • Du kan sjølv bestemme å få utført abort. Før du er 16 kan du også få utført abort, men då skal foreldra dine vanlegvis seie meininga si.
  • Dersom dei seier nei, er det fylkeslækjaren som avgjer søknaden.
  • Du har rett til å søkje lån og behovsprøvd stipend til vidaregåande opplæring.
  • Du kan byrje med fallskjermhopping, hanggliding eller paragliding dersom foreldra dine tillet det.
  • Du kan køyre traktor som ikkje går raskare enn 40 kilometer i timen. Til dette treng du ikkje førarkort. Du kan ikkje køyre på offentleg veg.
  • Du kan gå på småviltjakt på eiga hand dersom du har teke jegarprøva – og storviltjakt, under oppsyn av ein vaksen og med foreldras samtykke.
  • Du kan delta i senior NM, EM, VM, OL og World Cup.
  • Du kan stemme ved lokalval dersom du bur i ein kommune som har gått inn for forsøk med stemmerett for 16-åringar.
  • Du kan køyre inntil 15 meter lange båtar. Hvis båten er over 8 meter lang eller har ein motor med meir enn 25 hestekreftar, må du ha båtførarbevis.