Gå til toppen

Din rett frå du er 15 år

  • Du er over den kriminelle lågalder og kan bli straffa med blant anna pengebot, samfunnsstraff, ungdomsstraff eller fengsel dersom du bryt lova.
  • Du kan setjast i varetekt, men verja dine skal varslast og dei har bestemte rettar.
  • Du har rett til å ta vanleg lønna arbeid, men arbeidet skal ikkje vere til skade for skulegangen, tryggleiken, helsa eller utviklinga di.
  • Du har rett til å bestemme over pengar du har tent sjølv. Foreldra dine kan berre setje grenser dersom fylkesmannen er einig.
  • Du kan velje utdanning sjølv, og du har rett til ein plass i vidaregåande skule etter du er ferdig med ungdomsskulen.
  • Du kan bli part i barnevernssaker. Du har då rett til å sjå papira som barnevernet har i saka di, og du får advokat dersom saka skal opp i Fylkesnemnda. I nokre saker kan du og bli part når du er under 15 år.
  • Du har rett til å melde deg inn og ut av foreiningar og trussamfunn (til dømes kyrkja).
  • Du kan gå åleine på kino med 15-års aldersgrense.
  • Du kan øvingskøyre på lett motorsykkel, moped og traktor på bestemde vilkår, etter å ha gjennomført trafikalt grunnkurs.
  • Du kan ta dykkarsertifikat.