Gå til toppen

Din rett frå du er 12 år

  • Vaksne skal leggje stor vekt på det du meiner i saker som handlar om deg, og foreldra dine skal leggja stor vekt på kva du meiner når dei skal avgjera kvar du skal bu.
  • Du kan ikkje adopterast utan å ville det sjølv.
  • Du kan nekte å skifte etternamn sjølv om ein av foreldra dine gjer det.
  • Dersom du vil skifte etternamn, må foreldra dine vere einige i det, og søkje for deg.
  • Du kan sjå filmar med aldersgrense 12 år. Du kan også sjå filmar med aldersgrense 15 år saman med ein vaksen.
  • Når du er sjuk, har foreldra dine rett til å vere heime frå jobb i eit avgrensa tal dagar, til og med det året du fyller 12.
  • Når du er mellom 12 og 16 år, skal ikkje foreldra dine få helseopplysingar om deg hvis du har gode grunnar som bør respekterast.