Gå til toppen

Rettane du har fram til du er 18 år

  • Du har rett til omsorg og omtanke frå foreldra dine.
  • Foreldra dine har rett og plikt til å ta avgjerder på dine vegner.
  • Foreldra dine skal la deg bestemme meir etter kvart som du blir eldre.
  • Sjølv om foreldra dine bestem over deg til du er vaksen, så har du rett til privatliv. Det betyr at foreldre og andre vaksne ikkje skal snoka i tinga dine. Viss foreldra dine har ein god grunn til å tru at noko er gale eller skadeleg, kan dei likevel sjekka tinga dine.
  • Du har rett til jamleg kontakt med begge foreldra dine, sjølv om dei bur kvar for seg.
  • Når du er i stand til å ha eigne meningar, skal du få informasjon og høve til å uttale deg. Meininga di skal ha vekt etter kor gammal du er og kor moden du er.
  • Ingen har lov til å slå deg, misbruka deg, eller gjera deg vondt på nokon måte, verken med kroppen din eller kjenslene dine. Det gjeld både foreldre og andre vaksne, og andre barn og unge.
  • Du har rett til eit røykfritt miljø.
  • Du skal ikkje bli diskriminert. Det betyr at ingen skal utsetje deg for annleis eller urettferdig behandling fordi du er den du er.
  • Du har rett til hjelp frå barnevernet dersom du har det vanskeleg, eller dersom foreldra dine ikkje gir deg god nok omsorg.
  • Du har rett til nødvendig helsehjelp.
  • Er du på sjukehus, har du rett til å ha minst ein av foreldra dine hos deg heile tida. Du har også rett til opplæring og aktivitetar på sjukehuset.
  • Når du er sjuk, har foreldra dine rett til å vere heime frå jobben i eit avgrensa tal dagar, til og med det året du fyller 12 år. Dersom du har ein svært alvorleg skade eller sjukdom, er grensa 18 år.
  • Du kan sjå filmar som er tillatne for alle.
  • Du har rett til å ha ei fritid som du kan bruka til kva du vil. Du skal òg få kvila deg, og ha tid til å leika.