Gå til toppen

Spesialundervisning

ill_rettighetDu har rett til spesialundervisning når du ikkje lærer det lærararne og foreldra dine ventar at du kan klare.

Denne typen undervisning kan vere veldig forskjellig frå elev til elev.

  • Nokon treng å lære på ein heilt annan måte enn dei andre i klassen, mens andre treng litt meir tid til å lære.
  • Viss du får spesialundervisning, kan det for eksempel komme inn ein ekstra lærar å hjelpe deg. Du behøver ikkje gå ut av klassen for å få spesialundervisning.
  • Nokre gonger kan det være lurt at du og læraren går ut av klasserommet for spesialundervisning, men då skal du og læraren din være einige om dette.
  • Den ekstra læraren du får, skal samarbeide med deg og foreldra dine om korleis de skal gjere det.

I lova står det at alle elevar skal ha «tilfredsstillande utbytte» av undervisninga på skolen. Det betyr at du skal ha den utviklinga i faga som du eller skolen ventar at du kan klare.

Det er måla i læreplanen for dei ulike klassetrinna som blir brukt når dette skal vurderast.

Skolen skal følgje med på korleis du klarar deg i forhold til måla.

PP-tenesta kan finne ut om du treng spesialundervisning

Skolen skal seie frå til deg og foreldra dine viss de er bekymra for utviklinga di. Saman kan skolen og foreldra dine be PP-tenesta finne ut av kva du treng.

Les meir om kva PP-tenesta er her.

Kva skjer?

  • PPT snakkar med deg og lagar ein rapport som dei gir til skolen.
  • I rapporten står det enten at PPT meiner du skal ha spesialundervisning eller at du ikkje skal ha det.
  • Rektor sender eit brev til foreldra dine. Det blir kalla eit vedtak.
  • I vedtaket står det enten at du skal få spesialundervisning eller ikkje.

Avslag 

Hvis rektor meiner at du ikkje skal ha spesialundervisning, står dette i brevet. Då heiter det at du har fått avslag.

Vedtak om spesialundervisning

Viss rektor meiner du skal ha spesialundervisning, står det kva slags undervisning du skal få. Det blir kalla eit vedtak om spesialundervisning.

Når du får denne typen undervisning, skal skolen gi deg:

  • like mange timar som andre elevar på samme trinn
  • hjelp til å nå dei måla i faga som er moglege for deg
  • de timane med spesialundervisning som PPT meiner du treng

 

ill_caserVil du klage?

Viss du har fått avslag, og du og foreldra dine er ueinige i det, kan de klage.

Fyll ut Klagemal avslag spesialundervisning og send til rektor.

Klagen må sendast før det har gått tre veker frå du fekk brevet frå rektor.

Viss rektor ikke vil gjere nokon endringar etter at de har klaga, skal rektor sende klagen vidare til Fylkesmannen.

 

ill_caserVil du klage?

Det kan hende at du har fått vedtak om spesialundervisning, men at skolen ikke lagar det tilbodet til deg som PPT meiner at du skal ha.

Då kan du og foreldra dine klage.

Fyll ut Klagemal på vedtak spesialundervisning og send til rektor.

Klagen må sendast før det har gått tre veker frå du fekk brevet frå skolen.

Viss rektor ikke vil gjere nokon endringar etter at de har klaga, skal rektor sende klagen vidare til Fylkesmannen.

Dere kan også klage seinare viss for eksempel

  • skolen endrar på tilbodet ditt i løpet av året, utan at rektor lagar eit nytt vedtak
  • dere er ueinige i innhaldet i spesialundervisning
  • dere er ueinige i kor mange timar du får
  • dere er ueinige i organiseringa av spesialundervisning

Du finn meir informasjon om spesialundervisning og dine rettar på Utdanningsdirektoratets nettsider

I Opplæringsloven kapittel 5 står det at elevar som ikkje har tilfredsstillande utbytte av den vanlige undervisninga har rett på spesialundervisning.

Her finner du informasjon til foreldre om spesialundervisning.Rett til sakkyndig vurdering og spesialundervisning- informasjon til foreldre