Gå til toppen

Skulehelsetenesta

 

ill_rettighetAlle elever har rett til helsehjelp på skulen

Derfor må alle skular ha ei skulehelseteneste.

I ei skulehelseteneste kan det jobbe for eksempel:

  • helsesøster
  • lege
  • fysioterapeut
  • psykolog

Helsesøster

Det er som regel helsesøster som er på skulen din mest. Viss du treng å snakke med henne, må du finne ut når ho er der og kor hen ho har kontor.

Hugs å seie i frå til læraren din når du går til helsesøster. På nokre skular er helsesøster veldig lite til stades. Då kan det hende du må bestille time.

Du kan snakke med helsesøster om både store og små problem.

Det kan være for eksempel at du er redd, trist, blir mobba eller tenkjer mykje på noko som skjer på skulen eller heime.

Helsesøster kan også hjelpe deg viss du lurer på noko om kroppen din, eller at du har vondt ein stad, eller har andre fysiske plager.

Teieplikt

Helsesøster og dei andre som jobbar i skulehelsetenesta kan ikkje fortelje vidare det du snakkar med dei om. Dette blir kalla teieplikt (taushetsplikt på bokmål).

Viss du fortel helsesøster om noko som er skadeleg eller farlig for deg, kan ho likevel bli nødt til å snakke med foreldra dine eller andre om dette.