Gå til toppen

Fysisk skulemiljø

ill_rettighetDu har rett til eit godt fysisk skulemiljø.

Det betyr at skulen skal vere bygd og halden i stand slik at det ikkje er usunt for deg å vere der.

For eksempel skal det vere:

  • reine klasserom
  • reine toalett som er i god stand
  • frisk nok luft innandørs
  • god temperatur. Det skal ikkje vere for varmt eller for kaldt.     Helsedirektoratet seier at det skal vere mellom 20–24 °C om vinteren og 23–26 °C om sommeren. Golvtemperaturen skal vere 19–26 °C.

Du har også rett til ein tilrettelagd arbeidsplass. Det betyr blant anna at du skal ha ein skulepult og ein stol som passar til deg.

Dersom for eksempel lufta i klasserommet er for tett, dersom det er sopp i veggene på skulen eller det er for varmt eller for kaldt, kan det både vere farleg for helsa og føre til at du ikkje klarer å konsentrere deg og lære skikkeleg. Difor er det viktig med eit godt fysisk skulemiljø.

ill_caserVil du klage?

Dersom du meiner at det fysiske miljøet på skulen din ikkje er godt nok, har du og foreldra din rett til å be rektor om å gjere noko med det.

I ein klage til rektor kan du skrive kva som er problemet. Du kan godt foreslå kva skulen kan gjere for at det skal bli betre.

Dersom rektor ikkje svarer, eller skulen ikke løyser problema så kan du klage til Fylkesmannen i fylket der du bur.

 I kapittel 9a i opplæringsloven og i forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler finn du reglane om retten til eit godt skulemiljø.