Gå til toppen

Vurdering og karakterar

Læraren skal følgje med på korleis det går med deg, og gi deg råd som du kan lære av. Han eller ho skal gi deg tilbakemeldingar på arbeidet ditt. Det blir kalla vurdering.

For å bli vurdert, må du møte til timane og delta i timane. Elevar som ikkje kjem på skulen, kan miste vurdering. Viss det er fare for det, må skulen seie ifrå til eleven og foreldra.

ill_rettighetRett til å delta

Læraren skal med jamne mellomrom ha møter med deg om utviklinga di, slik at du får god tilbakemelding på arbeidet ditt.

Du skal vere med å vurdere ditt eige arbeid.

Det betyr ikkje at at du skal velje karakteren, men at du skal få øve deg på å vurdere kor bra arbeidet ditt er. 

 

Vurdering undervegs
Vurdering undervegs er den tilbakemeldinga frå læraren som du skal ha gjennom skuleåret, slik at du kan få høve til å forbetre deg. Læraren må kunne bevise at eleven har fått vurdering undervegs.

Sluttvurdering
Sluttvurdering er den vurderinga som seier noko om kva du kan når opplæringa er ferdig. Sluttvurdering er den karakteren som skal stå på vitnemålet.

Litt om karakterar

  • Oppførselen din skal bare telje med i ordenskarakteren, ikkje i andre fag.
  • Innsats skal berre telje for karakter i gym.
  • Læraren kan ikkje gi deg ein «gjennomsnittskarakter». Det vil seie at du kan ha dårlege karakterar i starten, men likevel få høgaste karakter til slutt.

Grunngjeving

I planen for kvart fag står det kva du skal kunne, det er det som heiter kompetansemål. Du kan lese om måla og vurdere om karakteren er rettferdig her:

Du kan kreve ei forklaring på kvifor du fekk den karakteren du fekk.

Du kan også kreve å få vite grunnen viss du ikkje får standpunktkarakter.

Opplæringslova er den lova som gjeld for skulen, og forskrifta er reglar som skulen må følgje på lik linje med lova.

Lenke til forskrift til opplæringslova kapittel 3Lenke til forskrift til opplæringsloven kapittel 3